Opplev Nærøyfjorden i tradisjonsbåt!

NærøyfjordenFor folk som ferdast langs fjorden med robåt, seglbåt, kajakk eller kano har Indre Sogn Kystlag skapt eit nettverk av overnattingsstader langs Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Dette nettverket kallast "Kystled Nærøyfjord". Kystlaget eig tre sognebåtar, som vert leigd ut til ein rimeleg pris. I god gamaldags robåt og med enkel overnatting får ein høve til å oppleva fjordlandskapet i Aurland kommune på ein miljøvenleg måte.
På desse nettsidene finn du informasjon om båtutleige og overnatting, kart over området og nyttige linkar.

Brosjyre

Ein brosjyre om Kystled Nærøyfjord kan lastes ned her (pdf 700kB).

Download brochure:englishgermanfrench

Indre Sogn Kystlag

Indre Sogn Kystlag er ein organisasjon under Forbundet Kysten som arbeidar for å ta vare på tradisjonar samt fremja kulturverdiane som ligg langs kysten og fjordane våre. Målsetjinga er vern gjennom bruk. Tradisjonsbåtane er ein del av denne kystkulturen. Kystledene er et samarbeid mellom Forbundet Kysten, Den Norske Turistforening og Friluftsrådenes Landsforbund.

Nærøyfjorden Verdsarvpark

Nærøyfjorden Verdsarvpark er namnet på ei stor satsing på natur og kulturbasert samfunns- og næringsutvikling med utgangspunkt i Verdsarvstatusen for Nærøyfjordområdet. Kystled Nærøyfjorden er partner i Verdsarvparken.