Båtutleige

båtLeige av robåt skjer etter avtale med utleigar i Bakka eller Dyrdal. Utleigebåtane er tradisjonelle sognebåtar, 15 fot (faeringar). Det er plass til 2-4 vaksne per båt. Båtane er utstyrte med 2 par årar, tauverk, dregg, 4 redningsvestar og kart over området.

Bruk av Kystlaget sine båtar skjer på eige ansvar, og leigetakar er ansvarleg for bruk av båt og utstyr. Leigetakarar får praktiske råd fra utleigarane ved avreise med båten. Eit utleigeskjema må fyllast ut før avreise.

Last ned:
sognebaat leige avtale 2013
rowing boats rent and info 2013

Utleigere

Aurlandsvangen: Ketil Molvær, e-post ketil.molvar@hotmail.no, tlf 95 10 32 21
Bakka: Svein Tufte, e-post utleige.bakka@kystled-sogn.no, tlf 57 63 39 17/ 90 52 63 24
Undredal: Leif Inge Underdal, e-post leifinge@visitundredal.no, tlf 95 13 74 03

Kaupanger: Indre Sogn Kystlag, e-post marny.tonnesen@barlinn.no, tlf 97 03 08 28
Sogndal: Maren Lundhaug, e-post maren.lundhaug@gmail.com, tlf 92 01 64 67
Sogndal: Marte Bjørnstad Andressen, e-post marte.b.andressen@gmail.com, tlf 91 88 98 94

Kystled Sogn: www.kystled-sogn.no

Sjøvett

Hugs at motorbåtar har vikeplikt for seglbåtar og andre ikkje motoriserte båtar. Innhentande fartøy har vikeplikt. Småbåtar og fritidsbåtar skal alltid vika unna for større fartøy og nyttetrafikk. Ver merksam på at ferdsel av store cruiseskip og speedbåtar forårsakar store bølger på fjorden og mot strandkanten. Hald god avstand frå land med robåten når du ror langsmed  bratte fjell og bakkeskråningar. Det førekjem av og til uventa stein og jordras. Ro i land med båten om det bles opp til uvær på fjorden. Ved torevær kan ein liten robåt på fjorden lett verta råka av lynnedslag. Fortøy båten skikkeleg. Dreggen kastast ut i god tid før du legger båten til land for å få godt feste. Dreggtauet må strammast opp slik at ikkje båten kan dunka i land eller i steinane på botnen. Nødtelefon: 112.

Bruk av fjorden

På sjøen er ferdsel med båt fri for ein kvar. I verneforskrift til Nærøyfjorden LVO er det regulering av maks fart på 8 knop mellom Skalmenes og Bleiklindi for båtar over 30 fot. Lov om friluftsliv regulerer bruken av utmark og innmark. I § 9 vert det bl.a sagt at rasting og telting i utmark er tillete opp til 2 døgn utan løyve frå eigar. På innmark skal ein ha samtykke frå eigar. Elles skal ein ta omsyn og vera varsam, slik at ein ikkje voldar skade på natur eller eigedom. Hald vedlike god tradisjon med å ta med deg ut det du tek med deg inn i naturen. Vær med å halda fjorden og verdsarven rein! Statens Naturoppsyn Aurland, tlf 480 94 364.

Tur alternativ

kart Nærøyfjorden

I området er det mange gode tur alternativ. Dei fleste stiane finn du på turkartet Nærøyfjorden, 1:50.000. Boka Opptur fra Anne Rudsengen, som kjem ut i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag, beskriver mange flotte fotturer.